Ein uforglemmeleg fest
vi skaper i lag
Dugnadsbryllaup
Vårt sterkaste ynskje for dette bryllaupet, er at det skal vera ein fest vi skaper og tek ansvar for i lag. Difor kallar vi det eit dugnadsbryllaup.
Alle gjestane er forskjellige, og vi vonar du har lyst til å dela nokre av dine unike evner og eigenskapar med oss på ein eller annan måte i laupet av helga.
Det kan vera å:
-
Ha eit musikalsk innslag, lesa eit dikt eller bidra med vakker kunst
-
Førebu ein leik for gjestane eller aktivisera ungar
-
Hjelpa til på kjøkenet og med servering
-
Bidra med køyring og henting
-
Baka ei kake, brygga noko godt å drikka, laga noko flott til bordet, ta bilete eller
-
Møta opp ein dag i forvegen for å hjelpa til med rigging og pynting.
Uansett kva det er du kan tenkja deg å bidra med, oppmodar vi deg til å tenkja godt etter kva det er som kan vera kjekt og lystbetont for deg å ta ansvar for slik at denne festen skal verta uforglemmeleg. Har du nokre tanker allereie no, kan du koma med forslag ved påmelding. Elles vert det høve til å å seia i frå seinare og (og vi kjem kanskje til å spørja nokon direkte).
Vi har også nokre tanker om korleis alle kan vera delaktige i sjølve seremonien. Dette kjem vi til å dela meir informasjon om i god tid.
Ikkje minst vil vi oppmoda alle om å gi eit økonomisk bidrag til festen etter evne. Det er vi avhengig av for å kunna dekka kostnadane til mat, leige av telt og utstyr. Meir info om dette kjem til dei som meldar seg på.